
10 grunnar til å velje Vestland
Nysgjerrig på vestlandslivet? Vi gir deg ti gode grunnar til kvifor Vestland er den beste regionen å bu og arbeide i.
1. Givande arbeidsliv
I Vestland kan du gjere ein større forskjell frå ein mindre stad. Når du ser at det du jobbar med har ei betyding, aukar det også sjansen for trivsel på jobb. Her kan du bidra til at folk får leve meiningsfulle liv i ein ambisiøs og innovativ region.
2. Vilt friluftsliv
Det er ingen hemmelegheit at bygde-Vestland har dei beste naturopplevingane. Her kan du bade i brevatn, stå på dei villaste skiturane, øyhoppe ved kysten, klatre Noregs heftigaste Via Ferrata-rute, oppleve rivieraliv på bygda og samle toppturar året rundt. What´s not to like?
3. Framtidsretta næringsliv
Visste du at Vestland er det fylket i Noreg som er best på eksport? I Distrikts-Vestland finn du eit næringsliv som er heilt i front innan internasjonalisering og grøn omstilling. Vi har verdsleiande bedrifter innan til dømes teknologi, energi og grøn skipsfart, og innovative selskap som utviklar framtidas løysingar innan til dømes havvind, hydrogen og datalagring.
4. Rikt kulturliv
Distrikts-Vestland har eit rikt kulturliv forankra i regionen si historie og natur, med ein god miks av gamle tradisjonar og freshe, moderne uttrykk. Frå banebrytande kunstinstallasjonar til intense musikkfestivalar og street art, er bygde-Noreg som ei leikegrend for kreative sjeler. Det finst knapt ei bygd som ikkje har sin eigen festival, spel eller museumsoppleving, så her er det berre å velje og vrake.
5. Digg kaféliv
Kva er vel betre enn ein kanelbolle eller eit kaffibrød i skjønn harmoni med fjord, fjell og koselege bygdegater? På bygda får du ikkje dei kjende kafé-kjedane frå byen, men i staden får du smakfulle delikatesser frå kafear og bakeri med særpreg, ofte basert på lokale råvarer og tradisjonelle oppskrifter. Ein ekte smak av Vestland <3
6. Balansert familieliv
Vi lyg ikkje når vi seier at livet får ein annan beat på bygda. Vi snakkar kort veg til skule, barnehage og jobb, og trygge og nære naboskap. For ikkje å snakke om kor mykje meir bustad, terasse og hage du får for pengane her.
I distriktet kan du gjere til dagleg det andre må gjere i helga, og gjerne køyre langt for å få til. Om du vil kan du ta deg eit morgonbad i fjorden og rett etter jobb snøre på deg fjellskoa og kome deg opp på ein 1000-meters topp – alt på ein og same dag. Det kallar vi kvardagskvalitetar.
7. Forfriskande strandliv
Frå nord til sør på Vestlandet finn du alt frå lange sandstrender til små, koselege badeviker. Her er sjansen god for å finne seg ei eiga privat strand, eller du kan nyte bølgjene på dei meir kjende bade- og surfespot´ane.
8. Sosialt remote-liv
Fleire og fleire vel å ta med seg jobben eller starte for seg sjølv i distriktet, men det betyr ikkje at du må sitte åleine. Fleire stader i fylket vårt har det dukka opp fleksible kontorfelleskap der du kan booke både kontorplass og møterom. Kontorfellesskapa fungerer som ypperlege arenaer for nettverksbygging og gründerliv der gode idéar oppstår fordi forskjellige folk møtest. Ikkje minst vert arbeidsdagen uendeleg mykje trivelegare.
Sjekk ut: Gondolbygget på Voss, Remote Sunnfjord, FUS i Sogndal, Smeltedigelen Kontorfelleskap i Ullensvang, Kvinnherad Næringsservice og Studentstova i Stryn.
9. Jordnært bygdeliv
Livet i bygde-Noreg er jordnært og avslappa. Her finn du ei behageleg atmosfære der du er nær naturen, samfunnet er tettvevd og dei enkle ting som frodige landskap, kyr på beite og traktor-dur gir ei eiga kjensle av ro og glede i kvardagen.
10. Nye eventyr
Av og til må ein ta ein sjanse. Ta ein sjanse i Vestland <3