Hopp til innhold
Vel språk
Choose language

Jobb i hjartet av det grøne skiftet

Hardanger og Voss er meir enn vakker natur. Det er ein region der grøne arbeidsplassar, innovasjon og omstilling står i sentrum. Her ventar eit mangfald av moglegheiter – frå å utvikle ny teknologi til å gjere ein forskjell i heimesjukepleia.

Image 20250131 141323 1d66ea46
Happy male and female entrepreneurs watching computer screen sitting in tech startup office

Kontorfellesskap i Hardanger og Voss

Anten du pendlar, jobbar som frilansar eller driv eiga verksemd, finn du kontorfellesskap i Hardanger og Voss som passar kvardagen din.

Test ut bygdelivet

Opplev bygdelivet medan du bygger erfaring! Utforsk regionens trainee-program, sesongarbeid eller bli frivillig på ein av dei mange festivalane våre.
Dad47386e2f768c8c74921f32c15f51e

Bygg karriera di

Hardanger og Voss byr på spennande moglegheiter innan det grøne skiftet, innovasjon og tradisjonelle næringar.

Folk som skapar verdiar

Møt menneska som formar næringslivet. Nokre dyrkar eple, andre utviklar ny teknologi eller satsar på eigne bedrifter.
  • Alle
  • Eidfjord
  • Kvam
  • Ullensvang
  • Ulvik
  • Voss
4e418619a402011d49591071a1fc1355be212592 1920x1080

Frå trainee til toppleiar

Det var aldri meininga å klatre karrierestigen. Likevel har Mari gått frå trainee til leiar i eit milliardkonsern på to år.

Les meir
Erlend

Michelinkokken frå Buerbreen

Erlend gjekk frå Michelin i Bergen til matmagi i Buerdalen, der han lagar rettar av lokale råvarer i vakre omgjevnader.

Les meir
Forside HVK Studiesenter (3)

Studer der du bur – bygg framtida lokalt

I ei tid der kampen om kompetansen er sterkare enn nokon gong, handlar framtida til lokalsamfunna våre om eitt avgjerande spørsmål: Korleis gjer vi det mogleg for folk å utdanne seg – utan å måtte flytte frå heimstaden sin?

Les meir
Image 20250129 125032 Fddcc5ef

Tilbake til røtene

Etter år i Oslo, Bergen og Trondheim har Linn Kristin og Eli flytta heim og jobbar no som ernæringsfysiologar i Hardanger.

Les meir
Img 4293

Framtid i tradisjon

På Finnegarden møtest tradisjon og nyskaping. Klaus og Karoline satsar på økologisk mat og ein levande gard.

Les meir

Rett tid for å flytte heim

Trine Utne-Bacorn hadde budd i utlandet sidan ho var 18 år. Då pandemien snudde alt på hovudet, tok ho og mannen valet dei lenge hadde snakka om – dei flytta heim til Ulvik.

Les meir
Helene fly voss

I fritt fall og full fart

Det byrja med eit hopp. Elleve år seinare, står ho midt i eit eventyr der friluftsliv, leiarskap og livsglede går hand i hand.

Les meir
Mann og kvinne smiler og holder mikrogrønnsaker.

Skapar grøn vekst på Voss

Maido Pakk og partnaren Maris ønskte å skape noko ekte og meiningsfylt nærare naturen. Det fann dei grobotn for på Voss.

Les meir
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fann plassen sin i Ulvik

Jenny Johnsen har alltid visst kva ho treng for å trivast: fjorden, plassen og menneska. Jobben tok ho med seg.

Les meir

Kontorfellesskap

For deg som søker eit fleksibelt og inspirerande arbeidsmiljø, finst det fleire kontorfellesskap i regionen. Her får du tilgang til gode fasilitetar, nettverksmoglegheiter og eit sosialt fellesskap med andre næringsdrivande og frilansarar.