Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
397d2ebdecb054533872e8d0eb4776b52ac14863 2048x1365

– Her betyr stemma di noko

Najib Sharif trivst når han hjelper kollegaer. I Hardanger har han funne ein plass der stemma hans blir høyrd og sett pris på.

Namn
Najib Sharif

Utdanning
Bachelor i økonomi og administrasjon, fordjuping i prosjektleiing og enkeltemner i IT

Yrke og arbeidsgivar
Ullensvang kommune – trainee digitaliseringstenester Digitaliseringsrådgjevar/prosjektleiing

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Det handlar eigentleg om å hjelpe kollegaer med å nå det dei vil, og gjere det eg skal. Då har eg ein god dag.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Dei betyr mykje.

Kvar enkelt må bidra for at alle skal trivast. For at det skal vere eit godt arbeidsmiljø må eg og bidra. Eg kjem inn med eit smil og skapar god stemning, om nokon ikkje snakkar så mykje prøver eg å dra dei med i samtalen.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Eg prøvar å alltid vere stolt over meg sjølv fordi eg veit kor langt eg er kome og kva utgangspunktet mitt var. Eg har både personlege og profesjonelle ambisjonar, men det viktigaste er å hjelpe nokon på vegen.

Eg er eigentleg stolt kvar dag.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Kanskje Leger Uten Grenser, dei gjer ein viktig jobb.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Masse arbeid og jobb. Problemet er at det manglar folk. Inkluderande.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Det er viktig å ha noko sosialt utanfor jobb. Og uansett kor høge ambisjonar ein har, må ein tenke at ein er berre eit menneske. Ein har eit liv utanfor dei fire veggane som er jobb. Når du er gamal og grå er det ikkje den ekstra timen du jobba du hugsa, men det sosiale og gøye du har gjort elles.

Edit post hardanger kallar (1)

Kva rolle tar du i eit møte?

I eit møte likar eg å observere og analysere. Så kan eg eventuelt bidra med det eg kan, og kanskje få andre til komme med sitt.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Er du opptatt av karriere er det mange moglegheiter her.

Her er fantastisk natur, det er ikkje noko å legge skjul på. Om du er glad i det, er Vestland staden å vere.

Det er lettare å halde fokus her. Det er ingen hemmelegheit at det ikkje skjer så mykje, og ein får ein slags zen og indre ro av å bu her. Det treng ein om ein skal klare å vere fokusert.

Det er kanskje ein liten plass, men folka er hyggelege og trivelege. Kollegane mine har tatt meg godt i mot, og etter å ha vore på traineesamaling, kickoff og møter i Vestland sit eg igjen med same inntrykk – folk flest er hyggelege og vil utrette ein forskjell.

Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein liten plass, det er her stemma di betyr noko.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Ullensvang kommune, fordi det er flinke folk som brenner for kvardagen og lokalsamfunnet. Folk bryr seg om plassen og vil få Ullensvang til å fungere.

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Eg er prosjektkoordinator for eit større prosjekt saman med iTeam for helse og omsorgssektoren. Det er også første oppgåva mi, så det er veldig spennande. Som prosjektkoordinator skal eg oppretthalde kommunikasjon og sørge for at prosjektet held framdrift og er i sync.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid?
Praktisk

Jobbe inne eller jobbe ute?
Jobbe inne

Matpakke eller kjøpe lunsj?
Matpakke

Ferie eller kvardag
Definitivt ferie

Kreativt arbeid eller rutinearbeid
Kreativt arbeid

Starte tidleg eller gå heim seint
Starte tidleg. Jo tidlegare jo betre!

Leie eller bli leia
Å vere leiar

Fleire artiklar

Ae463e5811842c15bb21e5fd1e8ead11414d7cc2 4032x3024

Hadde aldri vore i Odda før

Friluftslivet og ei spennande traineestilling trakk Anine Bråten til Ullensvang. No ser ho for seg å bli verande.

Les meir
0c5a5278

Naboar tek over kvar sin gard

Snittalderen på bønder stig, men i Ullensvang går unge kvinner mot straumen. Fem nabogardar har fått nye, unge eigarar.

Les meir

Rett tid for å flytte heim

Trine Utne-Bacorn hadde budd i utlandet sidan ho var 18 år. Då pandemien snudde alt på hovudet, tok ho og mannen valet dei lenge hadde snakka om – dei flytta heim til Ulvik.

Les meir
Erlend

Michelinkokken frå Buerbreen

Erlend gjekk frå Michelin i Bergen til matmagi i Buerdalen, der han lagar rettar av lokale råvarer i vakre omgjevnader.

Les meir
Bård Stana

Fra New York til bygda

Etter fem år i travle Upstate New York pakka han kofferten og flytta til Hardanger – frå storbyliv til stillheit og nye moglegheiter.

Les meir
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingeborg fann roen i Ulvik

Ingeborg Hellesnes Uppheim lengta heim til Ulvik, men hadde ingen jobb å gå til. Så tok ho sjansen og hoppa i det.

Les meir
Helene fly voss

I fritt fall og full fart

Det byrja med eit hopp. Elleve år seinare, står ho midt i eit eventyr der friluftsliv, leiarskap og livsglede går hand i hand.

Les meir
Img 1216.jpeg

Beste familieturar på Voss

Tor Henrik og Miriam flytta frå Oslo til Voss for å koma nærare fjella og naturen. Her finn dei spennande turar – også med born.

Les meir
Pxl 20240309 145017822

Med naturen som klasserom

Jonas Kimerud er naturvegleiar i Eidfjord og formidlar naturglede til nye generasjonar ved Norsk Natursenter.

Les meir