
Naboar tek over kvar sin gard
Snittalderen på bønder stig, men i Ullensvang går unge kvinner mot straumen. Fem nabogardar har fått nye, unge eigarar.
Det glinsar raudt i bakkane på Jåstad. Frå fylkesvegen langs fjorden står epletrea i «giv akt» på rekke og rad. For turistane er det eit eksotisk syn. For dei som bur her er fruktfelta arbeidsplassen. Og det kan fort bli mykje arbeid.
Frå tynning om våren til innhausting og kvalitetssjekk om hausten. Deretter er det levering til fruktlageret før det heile skal gjentakast neste år. Vêr og vind er med på å avgjerda om avlingane blir gode eller dårlege. Kva er det som freistar unge folk i Ullensvang til dette livet?
Gir mogelegheiter
Ein sekshjuling dreg oss opp ein smal og svingete traktorveg. På turen opp passerer me kassar på kassar med aroma-eple.
På toppen har me flott utsikt mot Oksen og Hardangerbrua i nord og Sørfjorden inn mot Odda. Her står også Kristin Haustveit, Anja Førde Velure, Elin Jåstad, Therese Jaastad og Inga Øygard Jaastad, alle i 20 og 30-åra.
«Ein må satsa for å få til noko», slår Kristin Haustveit (30) fast.
Ho tok over familiegarden på Haustveit i byrjinga av 2023 og er ei av fem unge kvinner som anten har tatt over, eller er i ferd med å ta over gard i denne delen av Ullensvang.
No har ho også tatt valet om å bli fulltidsbonde. 1. januar seier ho opp jobben som sjukepleiar og vert 10. generasjon på garden. Då får ho ansvar for tusenvis av frukttre, hus og driftsbygningar.
«Det vert sjølvsagt spennande. Eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv, men eg føler eg har gjort så mykje anna før eg no tar over. Eg har hatt valet og tatt valet. Eg føler absolutt ikkje eg har vorte pressa inn», seier ho.
Hardanger Folkeblad har nettopp spurt om ho kjenner på presset om å ta over. Alle dei fem unge bøndene avviser at det har vore tilfelle.
«Kva er det som gjer dette livet så interessant då?»
«Det er fridomen til å styra sine eigne dagar og det å få vera mykje ute. Me har jo også naust ved sjøen og hytte på fjellet i tilknyting til garden», fortel Therese.
Får bestemme sjølv
Talet på jordbruksbedrifter i Norge har lenge gått ned og hundrevis av gardsbruk forsvinn kvart år. Berre 56 prosent av norske bønder tilrår neste generasjon å ta over garden, noko som er ein nedgang på ti prosentpoeng på berre seks år.
Selskapet Ruralis har kartlagt korleis bøndene opplever sin egen situasjon og fleire peiker mellom anna på at det økonomiske perspektivet gjer det vanskeleg å vera positiv.
Inga Øygard Jaastad (29), som tar over drifta av garden neste år, trur det skal gå fint å driva, sjølv om mykje er nytt.
Den noko meir erfarne Kristin er einig, men har samtidig nokre råd.
«Å driva gard er det same som å styra ei vanleg bedrift. Samtidig må ein balansera familie og det sosiale med jobblivet. Ein må velja kva ein skal prioritera. Ein kan ikkje gjera alt ein har lyst til, for produksjonen må gå sin gang.»
Alle dei fem bøndene HF møter på tunet til Therese Jaastad fortel at dei har god hjelp og støtte i familien. Dei fleste bidreg aktivt med oppgåvene. Dei fem finn også støtte i kvarandre. Også landbrukskontoret i kommunen er flinke til å hjelpa, seier dei.
Hardanger fjordfrukt SA har også eit prosjekt knytt til nye bønder der dei mellom anna inviterer til samlingar. Der har dei fem oppdaga at dei ikkje er åleine.
«Er det mogeleg for folk som ikkje er oppvaksne på gard å lukkast som bønder?»
«Det er sjølvsagt mogeleg, men det kjem nok litt an på storleiken på garden. No vert dette ein fulltidsjobb for meg, slik det også var for far min og bestefar min», seier Therese Jaastad.
Fleire trur det er fare for at litt for mange romantiserer det å driva gard, men Kristin Haustveit peiker på at det også finst eksempel på dei som lukkast.
Alle dei fem håpar fleire unge er villige til å ta over familiegardane og fortel at dei som våger truleg vil møta mykje støtte på vegen.
Nye ordningar
Therese Jaastad kjem neste år til å produsera rundt 80 tonn eple. Totalt vil dei fem unge bøndene bidra til fleire hundre tonn eple inn til det lokale fruktlageret på Utne.
«Kjem de til å vera mykje i arbeid sjølv, eller må de leiga inn folk?»
«Dei fleste leiger inn arbeidskraft i sesongen, men om vinteren er det nok mest eg som kjem til å gå rundt å «dilla», seier Therese Jaastad.
– Eg ser ikkje heilt vitsen med å ta over gard, om ein ikkje skal gå i bakkane sjølv, meiner Inga.
Hjå Kristin Haustveit har dei satsa på fordeling av oppgåver.
«Me spelar på våre styrkar og svakheiter og fordeler etter interesse. Mannen min har ansvaret for sauene, mens eg styrer mest med planteproduksjonen. Men me hjelper kvarandre», seier ho.
Dei siste åra har også meir blitt lagt til rette for nye unge drivarar. Bondelaget har lansert støttekonseptet sitt «babycall» og det finst også vikarordningar som gjer at ein kan få hjelp ved sjukdom på garden.
Fleire av dei unge bøndene som møter HF ser for seg å halda fram i «vanlege» jobbar ved sidan av garden.
Kan vera utfordrande
Fylkesleiar i Noregs bonde – og småbrukarlag i Hordaland, Mari Austvoll Gjengedal, synest det er spennande å høyra at ein ny generasjon er klare for å ta over fleire garder i Ullensvang.
Dei siste åra har det vore god økonomi i fruktdyrking. Denne delen av jordbruket skil seg også frå andre typar gardsdrift, der hald av dyr ofte er langt meir krevjande og inneber meir risiko.
Gjengedal peiker på at mange ikkje er klar over kva dei går til.
«Nokon gjer det fordi ein vil og at ein er glad i familiegarden, men mange ser etter ei stund at det ikkje er verdt det. Ein ender opp med å jobba døgnet rundt. Med familie og ungar vert det endå vanskelegare og mange kan sjå langt etter ein normal ferie», seier ho.
Talet på aktive gardar går ned, også i «jordbruksfylket» Vestlandet. Ifølge småbrukarlaget er det ein aukande tendens at foreldregenerasjonen i større grad enn før åtvarar barna mot å ta over. Det skjer samtidig som gjennomsnittsalderen på norske bønder aukar, og dei er stort sett menn alle saman. Berre seks prosent av den norske befolkninga bur på landbrukseigedom og talet går ned, spesielt i distriktskommunar.
Dei som lukkast er ofte dei som tar over garder som er veldrivne og som ikkje treng dei store investeringane.
«Er det slik at det er tryggare og lettare å driva stort enn lite i Norge i dag?»
«Det er i grunnen det same. Dei store bruka har meir omsetning, men krev også større investeringar. Då har du fort bunde deg til «18-timars»-masta og må stå løpet ut», seier ho.
«Kva er løysinga for å betra situasjonen?»
«Det er enkelt. Bøndene treng å få lønns – og arbeidsvilkår som andre arbeidstakarar. Det kan ikkje vera slik at ein må ha fulltidsjobb i tillegg og driva matproduksjon på dugnad», seier ho.
Dei fem unge bøndene på vestsida har også synspunkt på både politikken og rammevilkåra. Litt av utfordringa er at dei ikkje har full oversikt over alt enno.
«Det er jo litt skummelt å sjå inn i framtida, men me trur det skal gå bra. Enn så lenge er det fint å ha ein «motor» på garden. Den eldre garde er framleis med og hjelper til», smiler Kristin Haustveit.
Therese Jaastad står også støtt ved valet sitt. «Eg trur dette kjem til å gå veldig bra, seier ho og får støtte frå dei andre.»
Inga Øygard Jaastad som er intervjua i denne artikkelen jobbar som journalist og frontsjef i Hardanger Folkeblad.