Personvern
Sist oppdatert: 19.03.25
Vi er opptatt av ditt personvern og av at du skal føle deg trygg på korleis vi behandlar personopplysningane dine. Denne personvernerklæringa forklarer kva opplysningar vi samlar inn, korleis vi behandlar dei, og kva rettar du har.
Behandlingsansvarlig
Hardanger og Voss kallar er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir samla inn via nettportalen. Har du spørsmål, kan du kontakte oss på hei@vikallar.no.
Kva opplysningar samlar vi inn?
Vi samlar inn følgande personopplysningar:
Kontaktinformasjon
Namn, e-postadresse, telefonnummer (dersom du registrerer deg for å motta informasjon eller delta i nettverket).
Brukaraktivitet
Informasjon om korleis du nyttar nettportalen, inkludert informasjonskapslar (cookies).
Opplysningar du deler
For eksempel CV, søknader eller andre relevante dokument dersom du sender inn informasjon knytt til rekruttering.
Korleis brukar vi opplysningane
Personopplysningane dine blir brukt til følgande formål:
Formidle kontakt mellom arbeidssøkjarar og verksemder i Hardanger og Voss.
Administrere brukarprofilar og medlemskap i nettverket.
Forbetre tenestene på nettportalen gjennom analyse av brukarstatistikk.
Svare på forespørselar og gi relevant informasjon.
Deling av opplysningar
Vi deler ikkje personopplysningar med tredjepartar utan ditt samtykke, med mindre det er nødvendig for å oppfylle ei juridisk forplikting eller for å kunne tilby tenestene våre (til dømes med IT-leverandørar).
Lagring og sletting
Vi lagrar personopplysningar så lenge det er nødvendig for å oppfylle formålet dei blei samla inn for. Du kan når som helst be om sletting av opplysningane dine ved å kontakte oss.
Dine rettar
Du har følgande rettar i samsvar med personvernlovgivinga:
Rett til innsyn
Du kan be om ein kopi av opplysningane vi har om deg.
Rett til retting
Du kan be om å få rettet feilaktige opplysningar.
Rett til sletting
Du kan be om å få sletta personopplysningane dine.
Rett til å protestere
Du kan protestere mot visse typar behandling av opplysningane dine.
Informasjonskapslar (Cookies)
Nettportalen nyttar informasjonskapslar for å forbetre brukaropplevinga. Du kan administrere eller blokkere informasjonskapslar via nettlesaren din.
Endringar i personvernerklæringa
Vi kan oppdatere denne erklæringa ved behov. Vi anbefaler at du sjekkar denne sida med jamne mellomrom for å vere oppdatert.
Kontaktinformasjon
Dersom du har spørsmål om personvern eller vil utøve rettane dine, kan du kontakte oss på: hei@vikallar.no.