Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fann plassen sin i Ulvik

Jenny Johnsen har alltid visst kva ho treng for å trivast: fjorden, plassen og menneska. Jobben tok ho med seg.

Oppvaksen i Eidfjord, med fjord og fjell som naturleg bakteppe, var det aldri heilt aktuelt for Jenny å slå seg til ro langt frå vestlandsnaturen. Likevel førte studiar og jobb henne både til Voss, Austlandet og eit år i New Zealand. Men tanken på å bu langs fjorden sleppte aldri taket.

– Eg merka det spesielt då eg budde på Voss. Når eg hadde fri og det var fint vêr, vart eg rastlaus. Eg sakna fjorden. For meg er det heilt grunnleggjande å kunne sjå vatnet, fortel ho.

Tok jobben med seg heim

I dag bur Jenny i Ulvik, der ho og mannen har kjøpt gard. Saman driv dei med 50 vinterfôra sauer, eit lite fjordhestoppdrett, høner og ender. Og eit travelt, men godt familieliv med tre barn.

Jobben hennar ligg eigentleg på Starum på Toten. Som avlsrådgivar i Stiftelsen Norsk Hestesenter jobbar ho med dei nasjonale hesterasane, på oppdrag mellom anna for Mattilsynet og Landbruks- og matdepartementet. Eit viktig vilkår då ho takka ja til stillinga, var moglegheita for fjernarbeid.

– Eg er fysisk på Starum ei veke i månaden. Resten av tida jobbar eg heimanfrå. Det fungerer overraskande godt, og gjer det mogleg å kombinere ein krevjande jobb med livet her, seier ho.

Måtte vere der for å finne plassen

Vegen til Ulvik var ikkje heilt rett fram. I fleire år budde Jenny og mannen i leilegheit på Voss, medan dei leita etter gard. Etter kvart skjønte dei at dei måtte gjere det motsette av det mange prøver på.

– Vi forstod at vi ikkje kom til å finne den rette plassen medan vi sat i ei leilegheit på Voss. Vi måtte flytte dit vi ville bu, og leite derfrå. Så vi leigde huset vi bur i no, og etter eit år fekk vi kjøpt det. Hadde vi ikkje flytta fysisk hit, hadde det aldri skjedd.

Fleksibilitet som gir rom

Arbeidskvardagen er fleksibel, og aldri kjedeleg. Jenny jobbar 80 prosent, har ein fast fridag i veka og ein del kveldsmøte, sidan ho samarbeider mykje med frivillige organisasjonar.

– Det går begge vegar. Eg må vere fleksibel, men eg får òg mykje tilbake. Eg kan gå ut og stelle hestane i lunsjen, slepp lang pendling og får meir tid med familien. Den ekstra tida betyr enormt mykje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Meir enn ein arbeidsplass

For Jenny handlar ikkje valet av bustad berre om jobb.

– Denne jobben kunne eg gjort mange stader i landet. Grunnen til at eg vil bu her, er alt som skjer utanom arbeidstid. Fjord, fjell, skianlegg, kulturliv og ikkje minst folk.

Ho opplever Ulvik som ei bygd med høg aktivitet, eit rikt organisasjonsliv og mange engasjerte unge og vaksne.

– Det er konserter, arrangement og aktivitetar heile tida. Eg rekk ikkje ein gong over ein brøkdel av alt som skjer. For ein så liten stad er det ganske imponerande.

– Prøv det!

Til andre som vurderer å gjere noko liknande, er rådet klart.

– Eg vil oppmode folk til å prøve. Be arbeidsgivar om ei prøveordning. Test det i eitt år. Finn ut om du fungerer best på heimekontor, i kontorfellesskap eller med meir reising. Dei fleste vil jo berre gjere ein god jobb.

Ho meiner forteljinga om at ein først må skape alle arbeidsplassane lokalt, ofte står i vegen for utvikling.

– Det finst mange jobbar ein kan ta med seg heim. Og den største verdien Hardanger har å by på, er alt det livet gir utanom jobb.