Vel språk
Choose language
Voss Virka, Bjørkemoen
Voss Virka tilbyr kontor og fleksible plassar, møterom og areal for større arrangement på Bjørkemoen.
Tilgjengelige arbeidsplasser
Voss Virka AS skal realisera sirkulærøkonomiske verdikjeder på Bjørkemoen, med utgangspunkt i biogassanlegget, og byggja ein biosirkulær industripark på Voss. Me tilbyr kontor og fleksible plassar, møterom, og areal for større arrangement på Bjørkemoen. Prisen varierer etter løysing og plass.
Kontor og fleksible plassar
Kontora er utstyrte med pult og stolar (ikkje skjerm, docking e.l.).
Pris avhengig av løysing og plass – ta kontakt.
Møterom
Møterom for mindre og større møte.
Areal for større arrangement
Fleksibelt areal som kan nyttast til større samlingar og arrangement.
Fasiliteter
- Parkering
- Vask av areal
- Garderobar
- Møterom
- Areal til større arrangement
- Moglegheit for pilottesting og meir permanent etablering på Voss
Lokasjon
Kven passar det for?
Kontorplassane og fellesskapet på Bjørkemoen passar best for oppstartsbedrifter, mindre scale-ups og større industribedrifter som vil høyra til eit fellesskap med spennande menneske og meiningsfylte prosjekt – og som ser moglegheita for å bli ein del av den større industriklyngen på Voss.