
Tilbake til røtene
Etter år i Oslo, Bergen og Trondheim har Linn Kristin og Eli flytta heim og jobbar no som ernæringsfysiologar i Hardanger.
God og riktig mat gjennom heile livet er grunnleggande for vekst, utvikling, helse og livskvalitet. Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune samarbeider interkommunalt for å styrke ernæringsarbeidet, og to kliniske ernæringsfysiologar er tilsette for å heve kompetansen på feltet.
Denne satsinga gjer at innbyggjarane i desse kommunane får betre ernæringsomsorg, gode mattilbod og meir systematisk oppfølging. Frå hausten 2024 har det vore det tre pågåande prosjekt finansiert av Helsedirektoratet for å styrke ernæringa i regionen.
Frå storby til bygda
To kliniske ernæringsfysiologar, Linn Kristin og Eli, har begge flytta heim etter å ha budd og jobba i Oslo og Bergen. Linn Kristin, 34 år, vaks opp i Kvam, men flytta ut som 19-åring. Etter 14 år i Trondheim og Oslo, med utdanning og doktorgrad i klinisk ernæring, fann ho vegen tilbake til heimbygda saman med mannen sin og to barn.
Ho fekk fast stilling som klinisk ernæringsfysiolog i Kvam, noko som er ein sjeldan moglegheit i yrket hennar. Ho er spesielt glad for at det er to ernæringsfysiologar i regionen som kan samarbeide tett.
«Det å ha ein kollega med lik fagleg bakgrunn gjer ein enorm forskjell. Me kan diskutere problemstillingar, dele erfaringar og lære av kvarandre. Det gjer arbeidet meir spennande, og ein får eit sterkare fagmiljø. Samarbeidet mellom oss to gjer oss tryggare i jobben, og me kan utvikle arbeidet vidare saman.»
Ei variert og spennande stilling
Linn Kristin arbeider med ernæring på systemnivå, der fokuset er på helse- og omsorgstenester, inkludert eldreomsorg, utviklingshemming og skulehelsetenesta. Arbeidet handlar mykje om å sikre gode rutinar og vurderingar av ernæringsstatus for brukarar med behov for oppfølging.
Eit viktig prosjekt er Matvertprosjektet, som handlar om å betre mattilbodet for eldre og andre som mottar omsorgstenester. Prosjektet inkluderer opplæring av tilsette, betre vurdering av ernæringsstatus og ei generell styrking av ernæringsarbeidet i kommunane.
Heimflytting – eit strategisk val
Motivasjonen for å flytte heim var samansett. Mannen til Linn Kristin er frå austlandet, og ho var ikkje sikker på om han ville vere med heim. Til slutt var det han sjølv som kom med forslaget, og familien vurderte det som ei prøveperiode. Prøveperioda blei varig og dei opplevde at det var mykje betre enn forventa.
Huset deira ligg berre 300 meter frå barndomsheimen, og flytteprosessen var enklare enn venta sidan dei kunne leige barndomsheimen midlertidig før dei bygde sitt eige.
Utvikling av ernæringsarbeidet i regionen
Gjennom interkommunalt samarbeid blir det mogleg å heve kompetansen og skape betre rutinar for ernæringsarbeid. Helsedirektoratet si finansiering er viktig, og prosjekta vil bidra til betre helse for innbyggjarane.
«Første året har vi brukt til å bli kjent med tenestene og finne ut kvar utfordringane ligg. Neste steg blir å implementere tiltak som gjer ein varig forskjell.»
Linn Kristin ser store moglegheiter for vidare utvikling av feltet og trur ho vil trivast i jobben i lang tid framover.
Råd til andre som vurderer å flytte heim
For andre som vurderer å flytte heim for å bruke kompetansen sin i distrikta, har Linn Kristin nokre gode råd:
Vær open for moglegheiter. Arbeidsoppgåvene kan vere meir varierte enn i ein storby, noko som gjer jobben spennande og utviklande.
Følg med på bustadmarknaden. Det kan vere utfordrande å finne bustad, men med god planlegging kan ein sikre seg eit godt alternativ. Ver klar til å hoppe på eit godt tilbod om det kjem
Engasjer deg i lokalsamfunnet. Oppsøk fritidstilbod, idrettslag eller kulturaktivitetar for å bli kjent med folk.