
Frå Gabon til Hardanger
Emma flytta frå Gabon til Tyssedal for jobb og livskvalitet. No leiar ho produksjonen i Ineos og har funne seg til rette i Hardanger.
Emma Thirouin er 30 år og kjem frå Frankrike, nærare bestemt Dordun, eit område ikkje ulikt Odda i storleik. Ho studerte ingeniørfaget Power Energy i Normandie og deltok i Erasmus-programmet i Slovakia. Etter studiane arbeidde ho i to år for Naval Group før både ho og mannen tok eit spennande steg og flytta til Gabon i Afrika for å jobbe for Eramet. I Gabon fekk ho oppleve ei heilt anna kultur, sjå elefantar på fritida, men også takle utfordrande logistikk. Etter tre år ønskte ho seg nærare familien og meir komfort, og då ho fekk moglegheita til å fortsetje karrieren i Eramet-familien i Tyssedal, tok ho valet. I oktober 2023 flytta ho og mannen hennar til Norge.
Førsteinntrykk av Tyssedal og Odda
Då Emma flytta til Tyssedal, var det rett før fabrikken fekk nye eigarar. Dette visste ho på førehand, men ho tok likevel valet om å flytte. Ho fekk norskkurs med ein gong, noko ho set stor pris på. Flyttinga skjedde midt på vinteren, noko som gjorde overgangen utfordrande, men dei kasta seg ut i det, prøvde langrenn for første gong og oppdaga at dei likte det! Dei fekk låne ski gratis frå Skattekammeret, noko som gjorde terskelen for å prøve mykje lettare.
Emma opplevde kollegaene som opne og inkluderande, men påpeiker at det tek litt tid å bli kjent med nordmenn. Etter eit opphald i Gabon, der kulturforskjellane var store, var det kanskje greitt å ha litt tid til seg sjølv i starten, seier ho med eit smil.
Produksjonsleiar i Ineos Tyssedal
Emma har nyleg blitt forfremma til produksjonsleiar på knuseriet ved Ineos Tyssedal. Dette er ei rolle som gir ho moglegheit til å utfordre si eiga kulturforståing:
Ho set pris på utfordringane i jobben og den kulturelle innsikta ho får gjennom samarbeidet med norske kollegaer.
Tilpassing og trivsel
Tilpassinga til livet i Norge har vore tatt nokre månadar. Ein viktig faktor for at overgangen har gått så bra, er dei ulike tilboda i lokalsamfunnet. Språkkafeen til Frivilligsentralen var til stor hjelp dei første to månadene, og ho og mannen har meldt seg inn i Røde Kors, der dei har fått kurs i engelsk og mykje opplæring i førstehjelp. I tillegg har dette vorte ein sosial arena der dei har blitt kjent med fleire folk.
Blikket mot framtida
Kor lenge dei blir verande i Tyssedal, veit dei ikkje sikkert. «Så lenge vi trivst, blir vi. I Europa har vi kortere horisontar i kvar jobb. Den nye jobben er interessant, men det er livet rundt som er viktigast.»
For at Hardanger og Voss skal bli endå meir attraktivt for internasjonale arbeidarar, meiner Emma at det er viktig å gjere informasjon lett tilgjengeleg. Ho understrekar at Facebook-grupper er ein stor ressurs for nytilflytta, sidan det meste av informasjon og husleigemoglegheiter blir delt der. Ho meiner også at det burde vere enklare å komme seg til ein større by, men elles trivst ho godt med kontrasten mellom ein travel sommar og ein roleg vinter. Kanskje kunne Odda hatt ein pub eller to til, legg ho til med eit smil.
Råd til andre som vurderer å flytte til Hardanger og Voss
Emma har nokre gode råd til internasjonale arbeidarar som vurderer å flytte til regionen:
«Opne opp dei gamle sosiale mediekontoane dine. Facebook er ferdig i Frankrike og Gabon, men i Norge finn du all informasjonen du treng her.»
«Vær open for å forstå kulturen og kvifor ting er som dei er, i staden for å irritere deg.»
«Ikkje ver redd for å invitere nordmenn ut. Dei vil sjeldan gjere det først, men dei seier som oftast ja!»
For Emma og mannen har flyttinga til Tyssedal vore ei positiv oppleving, og ho ser fram til å sjå kva framtida vil bringe i Hardanger.
INEOS Tyssedal er det einaste ilmenittsmelteverket i Europa og eitt av fem i verda. Her blir ilmenitt vidareforedla til titandioksid, som brukast i maling, plast, papir og keramikk. Bedrifta sysselset rundt 200 personar og har vore ein sentral aktør i lokalsamfunnet i Tyssedal.