
Med naturen som klasserom
Jonas Kimerud er naturvegleiar i Eidfjord og formidlar naturglede til nye generasjonar ved Norsk Natursenter.
Midt i den majestetiske naturen ved Hardangervidda finn me Jonas Kimerud, ein entusiastisk naturvegleiar som har funne sitt kall ved Norsk Natursenter i Eidfjord. Senteret er et autorisert opplevelsessenter for norsk natur, klima og miljø, og her leggast til rette for at menneske kan oppleve, forstå og verne om naturen. For Jonas er det meir enn berre ein jobb; det er ein lidenskap.
Frå Hjartdal til Hardanger
Jonas, fødd og oppvaksen i den vesle bygda Hjartdal i Telemark, har alltid hatt ein nær tilknyting til naturen. Som barn gjekk han ofte på tur i skog og mark, og interessa for naturen vart tidleg vekt. “Eg voks opp i naturen, og det har alltid vore ein viktig del av livet mitt,” fortel han. Etter vidaregåande skule på Notodden og ein periode i sjøforsvaret, byrja Jonas å leite etter ein veg som kunne kombinere interessa for naturen med eit meiningsfylt arbeid.
Vegen vart alt anna enn rett. Han var ein tur innom millitæret, og på aktive oppdrag rundtom i verda, gjekk på folkehøgskule, studerte geologi i Sogndal og tok ein mastergrad ved NTNU. Det var gode opplevelser og det var tunge tidar. “Eg var ferdig utdanna under covid, og arbeidsmarknaden var krevjande. Eg måtte flytte heim til mor etter å ha vore på eigne bein sidan eg var 19. Det var ei vanskeleg tid, men det gjorde meg også bevisst på kva eg ville med livet mitt.”
Løysinga kom i form av ein e-post til fleire nasjonalparkar i Norge, der han spurde om moglegheiter. Ein dag kom svaret han hadde håpa på: Norsk Natursenter hadde ein ledig stilling. Sommaren 2021 flytta Jonas til Eidfjord, og han har sidan vore naturvegleiar ved senteret.
-
Bilde: Jonas Kimerud / Norsk Naturnvernsenter
-
Fra ei bygd til ei anna
Å flytte frå ei lita bygd i Telemark til ei anna lita bygd i Hardanger har vore ei positiv oppleving, men ikkje utan utfordringar. Jonas understrekar viktigheita av å ha realistiske forventningar. “Du må vite kva du går til. Mange har ei romantisk oppfatning av livet ‘på landet’, men det kan vere ein bratt læringskurve for dei som ikkje er budde. Samstundes er bygdekulturen veldig inkluderande om du byr på deg sjølv.”
Jonas har blitt godt tatt imot i lokalsamfunnet. Arbeidsplassen hjalp han med bustad og introduksjon til lokalsamfunnet. Men han legg til at det krev ein innsats: “Du må melde deg på aktivitetar, delta i frivillig arbeid og vise at du vil vere ein del av fellesskapet. Eg starta Eidfjord Turlag for å bidra, og det har vore ein flott måte å bli kjend med folk på.”
Ein dag i livet som naturvegleiar
Jobben til Jonas handlar om mykje meir enn berre å formidle kunnskap om natur. Som naturvegleiar legg han til rette for at born og unge kan lære om naturen på ein opplevingsrik måte. “Det mest givande er å sjå borna bli inspirerte og engasjerte. Eg håper at opplevingane dei har her gjer at dei vil ta vare på naturen i framtida.”
I tillegg har han ansvar for administrasjon, drift og marknadsføring. I høgsesongen er dagane fulle av aktivitet. “Eg opnar senteret ein time før vi ønskjer dei første gjestene velkomne. Ein typisk dag inneber alt frå å svare på e-postar og koordinere besøk til å løyse uventa utfordringar.” I lavsesongen er fokuset meir på planlegging, vedlikehald og prosjektutvikling.
-
Bilde: Jonas Kimerud / Norsk Naturnvernsenter
-
Livet i Eidfjord
For Jonas har Eidfjord blitt heimen han leita etter. “Dersom nokon sit på ein draum om å flytte til Hardanger, ikkje nøl! Her finn du både det rolige og det inspirerande. Men du må ville det, og vere villig til å leggje ned innsatsen det krev.”
Så langt har Jonas ikkje planar om å flytte. “Eg er der eg skal vere no. Naturen, jobben og lokalsamfunnet gir meg mykje. Livet her i Eidfjord har berre gjort meg meir sikker på at eg er på rett plass. Men, eg er singel, du kan skriva det,” sier han med eit lurt smil.