Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
4a5ebe53331968ae57fbefbc01b36e06

Voss har så mykje!

Draumejobben dukka opp på Voss då ho var ferdig utdanna som arkitekt. – Det var berre å hoppa i det.

Tora Lie Brunborg har nyleg flytta frå Oslo og heim att til Voss for å byrja i det ho sjølv omtalar som draumejobben. Lite visste ho at livet skulle sjå slik ut for berre nokre månadar sidan.

– Det var ikkje planlagt. Eg var nyutdanna og visste ikkje på det tidspunktet kva eg skulle gjera vidare. Så fekk eg tilsendt stillingsannonsen, og tenkte med ein gong at dette såg ut som ei kul stilling. På mange måtar draumejobben min, seier ho vel fem månadar etter, som tilsett i den nyoppretta stillinga som bygningsvernkonsulent ved Voss folkemuseum.

9c8e25596130bf60a59e6e4c540c99d8
PÅ UTSTILLING: Tora Lie Brunborg saman med kjærasten Joar Nedberg på opninga av ei utstilling. Foto: Privat
Tilbake etter elleve år

Det er elleve år sidan Tora sist budde heime på Voss, og mykje har skjedd på den tida i bygda.

– Eg likar godt det urbane grepet med skateparken ved Vangsvatnet. Gode offentlege rom som er tilgjengeleg for alle er fantastisk. Elles synest eg det er flott med utvikling i bygda, så lenge me evner å finna god balanse mellom vern og utvikling, fortel ho.

Image003
TIL HJELP: Som bygningsvernkonsulent skal Tora Lie Brunborg gje råd til mellom anna huseigarar som treng hjelp til vedlikehald av eldre hus eller bygg. Foto: Marita Saue Skjoldli

Etter at ho flytta tilbake har ho også fått eit nytt perspektiv på heimbygda.

– Voss har så mykje. Her kan ein berre ta på seg joggeskoa og koma seg ut i naturen, utan å ta trikken eller bussen til skogs eller liknande, slik som i Oslo. Og ikkje minst at ein kan sjå fjella uansett kvar ein snur seg. Eg blir heilt nasjonalromantisk, seier ho med eit smil.

Som bygningsvernkonsulent har Tora kontor på Voss folkemuseum, og er elles på synfaring ute i bygda.

– Eg har reist litt rundt i samband med synfaring og eg synest det er vakkert på Voss. Ting eg tok for gjeve som tenåring, ser eg no, etter ei arkitektutdanning, i eit anna perspektiv.

SYNFARING: Her er Tora på Oppheim gamle prestegard og måler størrelsen på tømmeret med handa. Klassisk bilete frå synfaring, seier Tora Lie Brunborg. Foto: Privat

– Når det gjeld bygningsmassane på Voss er det heilt klart nokre bygg som har høgare verdi enn andre. Men for meg er det viktig å presisera at alt som er bygd, så lenge det ikkje er til fare for nokon, har ein eigenverdi – spesielt viss me tek omsyn til klima. Dette gjeld også meir kvardagslege bygg frå nyare tid, legg ho til.

Oppteken av gjenbruk

30-åringen er sjølv oppteken av å ta vare på ting. Ho likar å sjå og finna verdien i ting, og halda på det.

Akkurat desse interessene får ho nytta mykje i jobben.

– Eg er forkjempar for å byggja meir langsiktig, og gå tilbake til meir grunnleggjande prinsipp. Det ser ein gjerne at er mangel på ved nye bygg.

Ho ynskjer at alle som eig eit bygg, og vil ta vare på det, tek kontakt.

– Då kan me finna verdien saman. Eg kan gje råd, hjelpa til med søknadar og vera støtte i prosessen. Har du hus, så kan du ringja meg. Og det treng for så vidt ikkje vera hus. Det kan vera ei stove, eit fjøs og liknande. Dette er eit tilbod til folket.

PÅ TUNET: Ein del av jobben til Tora som bygningsvernkonsulent er også å vera ein ressurs og rådgjevar for Mølstertunet og dei andre bygga Voss Folkemuseum forvaltar. I 2023 var det 100 år sidan tunet vart freda. Foto: Marita Saue Skjoldli
Nøgd med tilsetjinga

Eirik Helleve, styrar ved Voss folkemuseum, seier dei var gjennom ein grundig prosess då dei søkte etter folk til den nye stillinga.

– Me landa på Tora, og det er me veldig nøgde med. Ho er fagleg sterk og engasjert i gamle og moderne bygningar lokalt.

– Kva gjorde at de valde Tora til jobben?

– Det var nok engasjementet hennar som var med på å avgjera valet. Ho har gode og sterke meiningar, og er ikkje redd for å seia ifrå. Det er viktig i ei slik stilling, svarar Helleve.

NØGDE: Styrar ved Voss folkemuseum, Eirik Helleve, er nøgd med tilsetjinga av Tora Lie Brunborg. Ho seier ho har kapra draumejobben. Foto: Marita Saue Skjoldli

Alle andre regionar i tidlegare Hordaland har ein slik konsulent, men Voss fekk det fyrst no i år. Stillinga er finansiert av tilskot frå Vestland fylkeskommune og Voss herad.

– Det er på tide. Me veit det er behov for slik teneste her i Voss herad, i tillegg er tilbodet gratis. Det gjer at alle innbyggjarar kan ta kontakt dersom dei har eit hus som treng vedlikehald og som ikkje veit kva som skal gjerast, forklarar Helleve.

Tekst: Marita Saue Skjoldli

Artikkelen er henta frå Avisa Hordaland

Fleire artiklar