
Framtid i tradisjon
På Finnegarden møtest tradisjon og nyskaping. Klaus og Karoline satsar på økologisk mat og ein levande gard.
På Voss, blant frodige jorder og vakre fjell, ligg familieverksemda Finnegarden – ein gard med røter heilt tilbake til 1200-talet. Her møtest historia og framtida i ein unik miks av tradisjonar, innovasjon og eit sterkt lokalsamfunn. Klaus Finne, som no er klar til å ta over stafettpinnen som neste generasjon, har store planar for garden saman med kona Karoline.
Ei rik historie
Finnegarden si historie er dokumentert heilt tilbake til 1295. Familien Finne har eigd garden sidan slutten av 1600-talet, og kvart steg på eigedomen fortel om generasjonar med hardt arbeid og utvikling. Den ikoniske mellomalderhallen Finnesloftet er eit viktig symbol på denne arven. – «Gjennom ein leigeavtale med Fortidsminneforeningen nyttar me bygningen til konsertar, historieforteljing og servering» forklarer Klaus.
Å forvalte ein slik historisk eigedom er ikkje berre ein jobb, men ei kjensle av ansvar og stoltheit. – „Som ein klok mann eingong sa. Ein må nære elden, ikkje tilbe osko. Vi held tradisjonane i bakhovudet, men er ikkje redde for å tenkje nytt,“ seier han.
Frukt, grønsaker og sider
Finnegarden er meir enn berre historie. Familien dyrkar eit stort mangfald av økologiske frukt og grønsaker som blir selde via abonnement til private, restaurantar og butikkar. Dei produserer òg eplesaft og sider, ein aktivitet Klaus har satsa sterkt på dei siste åra. – «Vi fekk siderløyve sommaren 2024, og sidan har vi selt mykje lokalt og litt i Bergen. Eg ser eit stort potensial i å vidareutvikle dette produktet.»
Det økologiske fokuset gjer at garden skil seg ut. Klaus fortel at dei stadig eksperimenterer med nye vekstar, men held seg til det som fungerer best. – «Skal du leve som gardsbrukar i dag, må du anten drive veldig stort eller veldig lurt. Far min har bygd opp ein lojal kundegruppe som gjer at vi får godt betalt for det vi produserer.»
Overnatting og opplevingar
På garden tilbyr familien òg overnatting gjennom Voss Vandreheim, som ligg rett over vegen. Her blir gjestene servert lokal mat til frukost, lunsj og middag – så mykje som mogleg basert på sesongens råvarer frå garden. – «Vi har ei eigen hage der gjestene kan forsyne seg av nyttevekstene. I sesongen kan dei til og med få ferskpressa saft på tapp,» seier Klaus.
Garden er òg ein populær destinasjon for arrangement. Finnesloftet trekkjer folk til historieforteljingar, konsertar, lunsjar og omvisingar. Klaus deler ei minnerik oppleving: – «I sommar hadde vi ein busslast damer frå Dubai. Dei var fascinert av å få gå mellom grøne åkrar, plukka jordbær og tok seg tid til bønn i hagen til naboen. Det var kjekke folk, og vi har jo godt av å læra litt om andre kulturer, vi vossingane og!»
Nye planar og generasjonsskifte
Med eit generasjonsskifte på trappene er Klaus klar til å vidareføre garden. – «Eg skal satse sterkt på saft og sider, men kanskje også bringebær og poteter. Eg har mange idear, og alle er sikkert ikkje like gode, men eg ser fram til å utvikle garden vidare.»
Samtidig er han oppteken av å bevare garden som ein samlingsplass for familien. – «Garden er viktig for mange i storfamilien. Det er eit ansvar, men òg ei fin moglegheit til å etterlate garden betre enn eg fekk han.»
«Ikkje ein døll plass å bo»
For Klaus er Voss den perfekte plassen å bu og jobbe. – «Her har vi alt. Ski om vinteren, ekstremsport, sykling, fjellturar – og no har vi jammen meg god kaffi også!» Han legg til med eit smil: – «Det einaste eg savnar er havet, men flyttar vi det hit, blir Voss heilt fullkome.»
Med ei sterk kjensle av tilhøyrsle, ei historie å forvalte og nye visjonar for framtida, er Klaus Finne klar til å forme neste kapittel i historia om Finnegarden.