
Bygg karriera di
Hardanger og Voss byr på spennande jobbmoglegheiter i alt frå industri og landbruk til reiseliv, kultur og det grøne skiftet.
Hardanger og Voss-regionen har eit variert næringsliv der både tradisjonelle næringar og ny, grøn industri spelar ei viktig rolle. Regionen har lang historie innan landbruk, industri og reiseliv, men er samtidig i endring med satsingar på innovasjon og verdiskaping. For dei som ønskjer å bygge karriere her, finst det mange spennande moglegheiter.
Samspel mellom næringar og det grøne skiftet
Det grøne skiftet påverkar alle næringar i Hardanger og Voss, men på ulike måtar. Industriaktørar jobbar tett saman med kraftprodusentar for å elektrifisere produksjonen og redusere utslepp. Reiselivet utviklar meir berekraftige løysingar, der elektriske fjordcruise og kortreist mat blir sentrale satsingar. Landbruket nyt godt av innovasjon innan sirkulærøkonomi og teknologi som gjer produksjonen meir effektiv og miljøvenleg.
Eit døme på tverrfagleg samarbeid er Voss Biopark, som legg til rette for at aktørar innan matproduksjon, energi og teknologi kan nytte seg av kvarandre sine ressursar for å skape nye produkt og arbeidsplassar. Slike initiativ gjer det enklare for både etablerte verksemder og gründerar å finne nye løysingar og utvikle framtidsretta arbeidsplassar.
Industri og prosessnæring
Hardanger og Voss er heim til fleire store industriverksemder som driv prosessindustri på internasjonalt nivå. Boliden Odda og INEOS Tyssedal i Ullensvang er blant dei største aktørane innan metall- og mineralproduksjon. Bjølvefossen i Kvam spelar ei viktig rolle metallforedling.
Industriarbeidsplassar i regionen inkluderer stillingar innan ingeniørfag, produksjon, vedlikehald, forsking og administrasjon. I tillegg er det eit stort behov for fagarbeidarar innan mekaniske fag, automasjon og logistikk.
-
Bilete: Ullensvang Kommune
-
Landbruk og matproduksjon
Hardanger er hjarte av norsk fruktproduksjon, med Ullensvang som landets største fruktkommune. Hardanger Siderprodusentlag representerer siderprodusentar frå heile regionen og løftar fram kvalitetsprodukt som set Hardanger på verdskartet. Landbruket gir arbeidsplassar innan fruktdyrking, gardsdrift, produktutvikling og sal, samt innovasjon knytt til landbruksteknologi.
På Voss finn vi også mange verksemder innan mjølkeproduksjon og foredling av lokale råvarer. Her finst det arbeidsmoglegheiter både for dei som vil arbeide praktisk med dyr og åkrar, og for dei som ønskjer å bidra til utvikling av nye produkt.
Energi og elektrifisering
Vasskraft har lenge vore ei av dei viktigaste næringane i regionen, med Statkraft som ein sentral aktør i kraftkommunane. Kraftverka i Hardanger og Voss er avgjerande for Noregs energiomstilling, og regionen har eit stort potensial for elektrifisering av industri og transport.
Voss Biopark er eit innovasjonssenter der bedrifter jobbar saman for å utvikle nye forretningsmodellar knytt til fornybar energi og biologiske ressursar. Dette gir arbeidsplassar innan energiteknologi, sirkulærøkonomi og ressursforvaltning.
-
Granvinsfjorden. Bilete: Kjartan Haugen
-
Ingebjørgfjellet. Bilete: Lars Krovald
Reiseliv og opplevingsnæring
Reiselivet er ei viktig næring i regionen, med stor verdiskaping knytt til både natur- og kulturbaserte opplevingar. Visit Hardangerfjord arbeider med reiselivsutvikling, medan Voss Gondol gir gjestar spektakulære naturopplevingar og arbeidar med å utvikle heilårsbasert turisme.
Ekstremsportveko og Voss Vind har gjort Voss til eit sentrum for ekstremsport, noko som skapar arbeidsplassar innan instruksjon, sikkerheit, arrangement og turisme. Reiselivet i Hardanger og Voss sysselset folk innan hotell, restaurant, guiding, aktivitetsutvikling og sal.
Kultur og festivalar – eit yrande kulturliv
Hardanger og Voss har eit rikt kulturliv med festivalar og institusjonar som skapar arbeidsplassar for kunstnarar, musikarar og kulturarbeidarar. Hardanger Musikkfest er ei årleg klassisk musikkfestival i Ullensvang, medan Vossa Jazz på Voss er ein av dei viktigaste jazzfestivalane i Norden. Osafestivalen, også på Voss, feirar norsk folkemusikk og klassisk musikk.
Sider er etter kvart blitt ein sterk del av kulturen og identiteten i blant fjord og fjell, og det er fleire festivalar som feirar denne nye industrien.
I tillegg har regionen sterke tradisjonar innan kunsthandverk, med Hardanger folkemuseum og Hardingfela.no som sentrale institusjonar for formidling av folkekultur. Kulturlivet i Hardanger og Voss gir moglegheiter for arbeid innan festivalorganisering, kulturformidling, lyd- og lysproduksjon og kreative næringar.
Bygg karrieren din i Hardanger og Voss
Ein av dei store fordelane med å jobbe i ein region som Hardanger og Voss er at ein ofte kan få meir ansvar og høgare stillingar raskare enn i større byar. På grunn av mindre konkurranse om stillingar og tettare kontakt med leiarar og bedriftsnettverk, blir talent raskt oppdaga. Mange verksemder ser etter initiativrike medarbeidarar som kan ta ansvar, og det er gode moglegheiter for karrierevekst.
Samtidig finst det eit aktivt gründermiljø, spesielt knytt til teknologi, landbruk og opplevingsnæring. Fleire kommunar har gode støtteordningar for nye bedrifter, noko som gjer det enklare å starte opp eiga verksemd.