Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
3eeaf800459eefb2b327bab0c9679d7a14a6d652 2048x1365

Perfekt stad for gründerskap

Sørfjorden er ein stad for gründerånd og skaparglede – ein drivkraft som inspirerer til å skape noko eige.

Tilbake til røtene

Ein tilflyttar og ein heimflyttar. To ganske forskjellige gründerreiser. Felles for Guro og Magnus er at dei begge har innstillinga: For å få det livet ein vil ha, må ein ta tak og skape det sjølv.

For Guro Kvalnes, som vaks opp i Hardanger, låg heimen alltid i bakhovudet, sjølv om ho studerte litteraturvitskap i Oslo og jobba som marknadsførar i Det norske Samlaget.

– Eg lengta alltid etter roen og naturen her heime, seier Guro.

Etter fleire år i storbyen, flytta ho heim att til Hardanger.

D093a9586525380023374e028306c29bad9cc459 1365x2048

Magnus Kjepso Halvorsen har hatt ein meir internasjonal veg – frå Nesbru til militæret, vidare til NATO-base i Brussel og fire år med fysikk og internasjonale studiar i USA. Til slutt fann også han vegen tilbake til Noreg.

– Eg fekk jobb i eit selskap i Stavanger som hovudsakleg jobba med offshore olje og gass. 10% av omsetjinga deira var innan havvind og det var slik ideen med å starte eige selskap oppstod. Etter to år i Stavanger oppretta eg Hyndla saman med to kollegaer og ein kjenning frå Nesbru, fortel Magnus

– Vi starta med lite pengar og utan lønn, men gradvis bygde vi oss opp. Selskapet fekk støtte frå Innovasjon Norge, og det var avgjerande for at vi kunne vekse.

– Vi registrerte selskapet først i Oslo, men flytta det raskt til Flekkefjord. Det var lettare å få oppfølging og støtte i distrikta, og eg budde på det tidspunktet i Flekkefjord.

68b9566b17398b41fb12e602aedcc383547c5786 1365x2048

– Då pandemien kom, vart eg “fanga” på kjøkkenet til mamma og Sverre. Då tok eg valet om å flytte til Kjepso, ein gard på ei fjellhylle i Kvam, der mor mi er i frå.

Og sidan har selskape hatt ei utruleg utvikling.

– Det har vore heilt uverkeleg å sjå korleis Hyndla har vokse. Det gjekk fort frå 10 til 20 tilsette. Som gründer mister ein noko av kontrollen når selskapet veks, men det har vore ei naturleg utvikling. No har vi betre struktur og klarare arbeidsområde. I dag er vi ni tilsette i Noreg og totalt 21 på laget.

Ullgrisar i hagen

Magnus og Guro møtte kvarandre for fire år sidan, og saman har dei skapt seg eit rolegare liv i Hardanger.

På garden held dei ullgris til eige bruk. Dyrevelferd og kortreist mat er dei begge opptekne av. Guro seier det følest riktig å leve på denne måten, nært naturen og med eit bevisst forhold til maten dei et.

  • Foto hentet fra Framtidsfylket sine nettsider

    Foto hentet fra Framtidsfylket sine nettsider

  • C6c3467fd517b40d8fd9be84b8ee0aeef5945896 2048x1365

Magnus peikar på korleis livet i distrikta har gjort det lettare å finne balansen mellom jobb og fritid. Her er naturen rett utanfor døra, og han meiner det er annleis enn å bu i byen, der ein må vere meir aktiv for å kome seg ut.

– Her i Hardanger trekk naturen deg ut, seier Magnus. Å bu desentralisert er ikkje berre eit val om kvar ein vil bu, men også eit bevisst val om korleis ein vil leve gründerlivet.

Finn dei rette folka å realisere ideen med

Guro har også kasta seg inn i gründerlivet, med eit heilt anna, men like spennande prosjekt.

Etter å ha opplevd badstukulturen i Oslofjorden, slo tanken ho:

– Eg sit her og ser rett på operaen og tenkjer at dette er utruleg fint, men at det faktisk er mykje finare i Sørfjorden! Konseptet er latterleg enkelt, og det burde finnast i Hardanger.

– Badstua gjer fjordlivet tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Folk kan trekkje ned til eit fjordbad, ikkje berre om sommaren, men året rundt. Det gir ei naturoppleving.

– Eg ville at dette skulle finnast heime, også er det gjerne slik på på bygda at om ein vil ha eit tilbod, må ein kanskje skape det sjølv.

  • 99ad46896e34d59d3059907cdfe36170408ec735 2048x2048

    Når dette er naboen er livet godt

  • 246137d1fcd8150ed950203b936847168d8102fa 4422x6633

Men kvar startar ein for å få til eit slikt prosjekt?

– Først lefla eg litt med ideen saman med venner. Men så kom eg i kontakt med Thomas, Stian og Kenneth frå Trolltunga Adventures, og oppdaga at vi hadde dei same tankane. Vi inngjekk eit samarbeid, fortel Guro

– Det viste seg å vere eit av dei beste vala eg har gjort. Det var viktig å gjere dette saman med rett folk, og det var avgjerande å ha med desse gutane – dei hadde med seg ein type kompetanse, eg hadde ein anna. Saman vart me eit godt lag.

Med pandemien som ei uforutsett utfordring, møtte dei mange hinder på vegen.

– Det var mykje spenning. På eit tidspunkt visste vi ikkje ein gong kvar badstua var – den var på eit skip ein stad i verda! ler Guro. – Eg var litt redd for at alt skulle gå i vasken, men til slutt gjekk det bra. Vi køyrde på, og badstua vart til slutt ein stor suksess!

Badstuprosjektet har no spreidd seg til fleire stader i landet, og Guro har selt seg ut av prosjektet.

– Eg hadde inga aning om at det var mogleg å tene pengar på dette, men det viste seg å vere tilfelle, fortel ho.

Ei oppfordring til kvinner

Guro er oppteken av at fleire kvinner må våge å satse på gründerlivet.

– Eg vil gjerne sjå fleire kvinner ta steget og bli gründerar, seier ho. Vi har fått fleire kvinnelege rollemodellar innan entreprenørskap no, og det er viktig å ha støttespelarar rundt seg, særleg for unge kvinner. Det finst mykje støtte der ute, og ein må tørre å lene seg på andre.

Opne sinnet og utvid horisonten

Kva er det som gjer at Guro og Magnus trur på gründerlivet i distrikta?

– Det handlar om å sjå moglegheitene som finst her ute, seier Magnus. Omsetninga vår kjem mest frå eksport, så det spelar ingen rolle om eg sit i Oslo eller her. Og dei få gongene eg må reise, går det heilt fint.

Dcbd0565ed6ff6f6a357c9fbbebae0340c62c768 1365x2048

Guro meiner distrikta har mykje å tilby, spesielt for dei som er villige til å samarbeide med andre og dra nytte av støttemiljø som Innovasjon Noreg og næringshagar.

– Det er viktig å ikkje starte aleine, understrekar ho. Finn dei rette folka å gjere det saman med, då kan ein redusere risikoen. Eg hadde gutane i ryggen, og deira erfaring gjorde at eg følte meg trygg.

Ho meiner at livet i distrikta også bidrar til å halde på motivasjonen.

– Når du jobbar med noko du brenn for, og du samstundes bur ein stad der naturen er rundt deg heile tida, får du ein heilt annan energi. Ein kan når som helst ta seg ein pause, gå ut i fjellet eller ta eit bad i fjorden, seier Guro.

Så distrikta er staden for alle som vil skape noko?

– Sørfjorden er ein flott plass for folk med gründerånd. Kulturen her inne er knytt til den ånda – bøndene her har alltid vore gründerar, dei har alltid sett moglegheitene. Det handlar om å skape noko på eiga hand, og det er noko eg vil oppmode fleire til å gjere, avsluttar Guro.