
I fritt fall og full fart
Det byrja med eit hopp. Då Helene M. Bjørnø reiste til Voss i 2013 for å teste fallskjerm, trudde ho det skulle bli med det eine året. No, elleve år seinare, står ho midt i eit eventyr der friluftsliv, leiarskap og livsglede går hand i hand.
Oppvaksen i Bamble, med skog, fjord og friluftsliv tett på, fann Helene tidleg ut at eventyrtrongen ikkje trong å stå i motsetnad til karriereambisjonar. Etter fleire år med storbyliv i Oslo flytta ho til Voss for å arbeide hjå Kari Traa og Sweet Protection, før ho i 2020 gjekk over til reiselivsnæringa. Ho jobba med salg og eiendomsutvikling i Myrkdalen og Flåm, og klatra raskt i gradene.
I dag er ho kommersiell direktør i Norway’s Best Group, med ansvar for sal og marknadsstrategi for reisemål som Flåm, Myrkdalen, Oslo, Geiranger, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik.
– Å gå frå salg i Flåm og eiendomsutvikling i Myrkdalen til å jobbe på toppnivå i reiselivsbransjen har vore ein bratt, men utruleg givande læringskurve, seier ho.
Fallskjerm som kvardagsventil
Det er ikkje berre på jobben det går fort. For Helene er fallskjermhopping meir enn ein hobby – det er ventil og fridom. Mellom strategi- og partnarmøter, finn ho roa fleire tusen meter over bakken.
– Fallskjerm krev fullt fokus. Du kan ikkje tenkje på jobb når du hoppar. Det gir ein heilt særleg type mental balanse, forklarar ho.
Engasjementet hennar strekkjer seg også utover eigen skjerm. Ho har vært styreleiar i Voss Fallskjermklubb i seks år, nå er ho seksjonsleiar for fallskjerm i Norges Luftsportforbund og nestleiar i Ekstremsportveko, og meiner at sporten har gitt henne både adrenalinkick og eit unikt nettverk.
Livsstil og leiarskap
På Voss har Helene funne ein balanse ho meiner fleire burde få kjenne på. Tempoet er annleis, og det finst rom for å ta vare på fritida.
– Folk beveger seg litt seinare her, og det gjer noko med kvaliteten på livet. Me rekrutterer godt i Flåm, Myrkdalen og Voss fordi folk vil bu tett på naturen. Me treng ikkje hovudkontor i Oslo eller Bergen for å tiltrekke oss dei beste, meiner ho.
Ein vanleg dag byrjar gjerne med ein diskusjon om internasjonal distribusjon og endar i fallskjermklubben. Med fjella som kontorlandskap lever Helene eit liv der arbeid og fritid flyt saman.
Ei oppfordring til alle nyutdanna
– Det å kunne spenne på seg skia ved ytterdøra og berre gå rett til fjells – det er livskvalitet. Den følelsen er vanskeleg å forklare, men lett å bli avhengig av.
For nyutdanna som vurderer Voss, har Helene eit klart bodskap:
– Ver nysgjerrig og open. Ikkje ver redd for å ta kontakt, eller for å hoppe ut i noko nytt. Her finst det rom for deg, anten du kjem for naturen, nettverket eller for å byggje noko eige.