Ingeborg fann roen i Ulvik
Ingeborg Hellesnes Uppheim lengta heim til Ulvik, men hadde ingen jobb å gå til. Så tok ho sjansen og hoppa i det.
Som så mange andre reiste Ingeborg frå heimbygda etter vidaregåande skule for å skaffe seg utdanning. Ved Universitetet i Bergen tok ho ein bachelor i sjukepleie og ein master i helsepsykologi og helsefremjande arbeid. Seinare jobba ho seks år i nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus. Ho fann seg godt til rette, men tanken på å flytte tilbake til Ulvik sleppte aldri heilt taket.
– Bergen har masse fjell og fjord, og sjølv om eg sette pris på bylivet og det meste som følgjer med, kjende eg på eit slags indre sakn etter å bu langs fjorden i Hardanger, fortel Ingeborg.
Tok sjansen
For ektemannen og ungdomskjærasten, André, var saknet etter heimbygda minst like stort. I 2017 kjøpte han huset til tanta og flytta heim til Ulvik. Planen var at Ingeborg skulle følgje raskt etter, men det viste seg at det ikkje var så lett å finne ein relevant jobb. Eitt år og fleire avslag på jobbsøknader seinare forlét ho den trygge arbeidsplassen på Haukeland og flytta tilbake til mannen og heimbygda.
– Eg hadde akkurat fått avslag på ei leiarstilling på Voss, og tenkte at no tek eg berre sjansen og hoppar i det. Heldigvis tok det ikkje lang tid før eg fekk tilbod om jobb som verksemdsleiar for førebygging og rehabilitering i Voss herad.
I 2024, seks år seinare, vart stillinga som kommunalsjef for oppvekst ledig. Ingeborg vart oppmoda til å søkje, og fekk jobben.
Fleksibelt
I tillegg til å skjøtte den krevjande jobben som kommunalsjef på Voss, sit ho også i heradsstyret og formannskapet i Ulvik som representant for Venstre.
– Eg deltek òg i alle politiske møte på Voss, så det er krevjande å sjonglere, men eg har heldigvis ein veldig fleksibel arbeidsgivar som legg til rette for at eg kan jobbe heimanfrå ein dag i veka. Det kunne vore fleire, men bilturen til Voss tek ikkje meir enn 45 minutt, omtrent like lenge som morgonrushet inn til byen.
Fann roen
Sjølv med ein krevjande arbeidskvardag, har livet vorte enklare. Med naturen tett på og kort veg til det meste, har Ingeborg funne roen ho sakna.
– Det unike med Ulvik er at alt er så samla. Her er det òg ein liten urban puls som eg set pris på. Det er eit rikt kulturliv med konsertar og festivalar, noko som er eit unikt trekkplaster for ein såpass liten stad. Skog, fjord og fjell ligg rett utanfor stovevindauget og gjer det enkelt anten du skal på ski eller bade. For barn er det ein fantastisk plass å vekse opp, seier Ingeborg.
Hopp i det
Ho meiner moglegheitene er mange, men du må tore å ta ein sjanse, melde deg på lokale aktivitetar og engasjere deg. Då kan mange dører opne seg.
– I denne delen av Hardangerfjorden er det ikkje langt til Voss, og eg kjenner fleire som har hovudarbeidsplass i Bergen og jobbar her. Har du lyst til å prøve, hopp i det!