Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
Image003

Lys i gamle hus

Gamle hus kan bli nye heimar – og starten på eit nytt liv i bygdene.

I distriktsnoreg står mange gamle hus tomme. Nokre har forfalt over tid, medan andre berre ventar på å få nytt liv – og nye eigarar. I ei tid der bustadmarknaden er pressa, og rekruttering av arbeidskraft til distrikta er ei utfordring, blir gamle hus ein uventa ressurs.

Dette er kjernen i det nasjonale pilotprosjektet Lys i gamle hus, der Voss no er med som sjette kommune. Målet er å «matcha» tomme hus med folk som vil bu i dei – ein slags «Tinder for gamle hus», som Riksantikvaren har kalla det (NRK, 25.12.2023)​.

Omaholmen 3
Bilete: Visit Hardangerfjord

Ein ressurs vi må bruke

«Dei mest miljøvenlege bygga er allereie bygde», seier Tora Lie Brunborg, prosjektleiar for Lys i gamle hus i Voss og bygningsvernkonsulent ved Voss folkemuseum​. I Noreg står heile 211 000 bustadar tomme, og mange av dei ligg i distrikta (SSB, 2023)​. Med rett hjelp og tiltak kan desse bli ein del av framtidas bustadløysingar – og ein viktig del av ei berekraftig stedsutvikling.

Prosjektet handlar ikkje berre om hus. Det handlar om folk – og om framtida til bygdene. For kvar bustad som blir tatt i bruk, kan ein få ein ny nabo, ein ny elev i skulen eller ein ny kollega i næringslivet.

Eit nytt håp for gamle tun

Familien til Tomas Borovjak er eitt døme. Dei såg ein lapp i vindauget på eit hus på Bolstadøyri. Der stod det: «Til sals». Huset hadde stått tomt sidan 1988. Men for dei var det ikkje eit vrak – det var ei moglegheit. «Det har sjarm og sjel», seier Tomas i eit intervju med NRK​.

No blir huset ein del av lokalsamfunnet igjen – og eit symbol på kva som er mogleg når gamle bygg får nytt liv.

J87t e3oaun3yd mdw4qmuezt m
Kaia Finne, Næringssjef i Voss Herad. Bilete: Avisa Hordaland

Lokalt engasjement

Voss har ein eigen vri på prosjektet. Gjennom Vossavri, ei lokal tilpassing, blir det jobba systematisk med kartlegging av tomme hus, vurdering av tilstand og hjelp til eigarar med å søka støtte og vurdere brukspotensial – anten det er til bustad, utleige eller næring​.

– Ved å kopla dei rette personane, klarte me raskt å rigga eit kinderegg av eit prosjekt med ambisjonar om å gjera ein forskjell, seier Kaia Finne, næringssjef i Voss herad​.

Møte med motstand

Men ikkje alle gamle hus får ei ny sjanse. Lassebakken, den gamle barnehagen ved Voss sjukehus, har stått tom sidan 2016. Trass i tilbod om gratis tilstandsrapport frå Lys i gamle hus, valde kommunen i første omgang å sanera bygget. Det skapte reaksjonar.

«Det kler ikkje Voss herad å la slike eigedomar stå til forfalls», sa Guro Valland til Avisa Hordaland. Guro har sjølv har gode minner frå Lassebakken​. Etter kritikk valde heradet likevel å gå med på ei synfaring. Kva som skjer vidare, er uvisst.

Ein ny måte å tenkje bustad på

Det er ikkje berre gamle hus som får nytt liv. Prosjektet peikar på ein ny måte å tenkja på bustad, busetjing og rekruttering. For dei som ønskjer seg tilbake til bygdene – til eit liv med meir plass, ro og nærleik – kan eit gammalt hus vere starten på noko nytt.

For kommunar og næringsliv er det ei moglegheit til å gjera bygdene meir levande og attraktive. Lys i gamle hus er ikkje berre eit prosjekt for vern, men for framtida.