Hardanger og Voss kallar på deg
Vi kallar er eit prosjekt som skal fremje dei unike karrieremoglegheitene i regionen. Me vil gjere det lettare å finne draumejobben, byggje nettverk og slå rot her hos oss. Både tilflyttarar og verksemder skal få hjelp til å lukkast gjennom tiltak som byggjer fellesskap og vekst.

Om prosjektet
Anten du er i starten av karrieren eller vil ta nye steg, ønskjer me at du skal bu her lenge og finne din plass i eit levande og framtidsretta lokalsamfunn.
Målet vårt er å knyte saman menneske og moglegheiter – til beste for både innbyggjarar og tilflyttarar. Me ynskjer å gjera det enkelt for deg å sjå potensialet i Hardanger og Voss som ein heilskapleg bu- og arbeidsregion.
Denne nettsida er ein del av eit samarbeid mellom Næringshagen i Ullensvang, Hardanger og Voss Næringshage, NAV, Hardangerrådet og kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Ulvik og Eidfjord.
Har du spørsmål, innspel eller kommentarar? Me vil gjerne høyre frå deg!
Næringshagane