Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
Kjeåsen high res hr 17.08.23 7147

Opplev Hardanger med familien

Ungar med maur i buksa, turglad partner eller utsiktsglad svigermor? Hardanger og Voss har noko for alle.

Friluftsliv, fart og fjordutsikt: Familieeventyr i Hardanger og Voss

Enten du er småbarnsfamilie på trilletur, tenåringsforeldre på jakt etter mobilfrie soner, eller berre ute etter å overleve helga utan å ty til skjermtid og Toro, så finst det håp. Her får du tips til familieaktivitetar som både gir frisk luft i lungene og gode minner i banken.

Pexels soldiervip 1549974
1. Late sundagar og barnevogn på sti

Du treng ikkje vere Lars Monsen for å ta med familien ut i naturen. I Hardanger og Voss har vi trilleturar med utsikt som får folk frå Oslo til å kjøpe elbil og flytte på dagen. Prøv f.eks. Buerbreen i Odda – ein eventyrleg tur i skogen langs elv og foss, der målet er ein isbre som ser ut som Narnia. Eller rusle langs Elvadalen i Øystese, perfekt for små føter og kaffitørste foreldre. Ein annan klassikar er Bondhusvatnet.

2. Dagsturhytter

Dagsturhyttene i Hardanger og Voss har blitt populære turmål for både fastbuande og tilreisande. Dei små, moderne hyttene ligg lett tilgjengeleg i terrenget, gjerne med flott utsikt og kort avstand frå parkering. Her kan du varme deg, lese ei bok frå turbiblioteket eller berre nyte stillheita – utan at det krev meir enn eit par gode sko og ei termos med kakao. Hyttene er opne for alle og passar for både småbarnsfamiliar, besteforeldre og turvante fjellfolk. Enten du bur her eller vurderer å flytte hit, er dette eit lågterskeltilbod som viser noko av det beste regionen har å by på: natur, ro og felleskap.

Dagsturhytta på Voss. Bilde: Voss Herad
Dagsturhytta på Voss. Bilde: Voss Herad
3. Eventyr i lufta, vatnet og skogen

Treng du meir action? Voss Active tilbyr rafting, elvebrett og klatrepark – det perfekte for ungdommar som meiner «alt er keisamt». Eller ta heile familien med i gondolen opp til fjellet på Voss Gondol, der du kan få både vaflar, panoramautsikt og fred i sjela (minst fem minutt).

4. Sider for dei store, saft for dei små

Ja, du kan ta med familien på sidersafari – berre sei at det er eit «kulturelt familieinnslag med lokalmat og tradisjonar». Medan du smakar deg gjennom Hardanger på flytande vis, kan ungane få saft, eple og sightseeing. Win-win. Og hugs: Det er alltid ein lokal bonde som har dyr du kan helse på etterpå.

5. Festival, frukt og fjordkultur

I løpet av året skjer det alltid noko ein stad i regionen – frå Hardanger Musikkfest til Eplefestivalen og Voss Cup. Her møter du både naboar, familievennlege matbodar og kanskje ein sau på rømmen. Bli med på bygdefesten – det er her du får kjenne på det ekte fellesskapet.

Og det beste? Du er heime igjen på under ein time.

Det fine med Hardanger og Voss er at alt ligg nært. Frå fjord til fjell på ein formiddag, frå kaffi på trappa til klatretårn i skogen. Det betyr meir tid til opplevingar – og mindre tid brukt på å pakke bilen, leite etter parkeringsautomat og irritere seg over kø.

Pexels jonas mohamadi 1416736
Så kva ventar du på? Pakk sekken, lue på hovudet og ut i eventyret. Ungane kjem kanskje til å klage litt. Men dei kjem også til å hugse det.

Fleire artiklar

Bård Stana

Fra New York til bygda

Etter fem år i travle Upstate New York pakka han kofferten og flytta til Hardanger – frå storbyliv til stillheit og nye moglegheiter.

Les meir
Mann og kvinne smiler og holder mikrogrønnsaker.

Skapar grøn vekst på Voss

Maido Pakk og partnaren Maris ønskte å skape noko ekte og meiningsfylt nærare naturen. Det fann dei grobotn for på Voss.

Les meir
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fann plassen sin i Ulvik

Jenny Johnsen har alltid visst kva ho treng for å trivast: fjorden, plassen og menneska. Jobben tok ho med seg.

Les meir
5794220ac450ee0c5637bbac08142981bf2dde18 5742x3828

10 grunnar til å velje Vestland

Nysgjerrig på vestlandslivet? Vi gir deg ti gode grunnar til kvifor Vestland er den beste regionen å bu og arbeide i.

Les meir
Image 20250129 125032 Fddcc5ef

Tilbake til røtene

Etter år i Oslo, Bergen og Trondheim har Linn Kristin og Eli flytta heim og jobbar no som ernæringsfysiologar i Hardanger.

Les meir
Forside HVK Studiesenter (3)

Studer der du bur – bygg framtida lokalt

I ei tid der kampen om kompetansen er sterkare enn nokon gong, handlar framtida til lokalsamfunna våre om eitt avgjerande spørsmål: Korleis gjer vi det mogleg for folk å utdanne seg – utan å måtte flytte frå heimstaden sin?

Les meir

Rett tid for å flytte heim

Trine Utne-Bacorn hadde budd i utlandet sidan ho var 18 år. Då pandemien snudde alt på hovudet, tok ho og mannen valet dei lenge hadde snakka om – dei flytta heim til Ulvik.

Les meir
Img 1216.jpeg

Beste familieturar på Voss

Tor Henrik og Miriam flytta frå Oslo til Voss for å koma nærare fjella og naturen. Her finn dei spennande turar – også med born.

Les meir
Kjeåsen high res hr 17.08.23 7170

Eventyret startar rett utanfor døra

Friluft i verdsklasse – med termoskaffi og utsikt som får deg til å gløyme mobilen. Utan dyrt utstyr.

Les meir