Rett tid for å flytte heim
Trine Utne-Bacorn hadde budd i utlandet sidan ho var 18 år. Då pandemien snudde alt på hovudet, tok ho og mannen valet dei lenge hadde snakka om – dei flytta heim til Ulvik.
Som tenåring jobba ho på Brakanes Hotel i helger og feriar. Etter vidaregåande bar det ut i verda. Ho tok hotellutdanning i Sveits og jobba fleire år i USA, der ho også møtte mannen sin. Saman bygde dei liv og karriere innan hotell- og reiseliv.
– Eg trivdest godt og fekk utvikle meg fagleg. Samstundes låg tanken om å ein gong prøve vaksenlivet heime i Noreg der, fortel Trine.
No eller aldri
Så kom pandemien.
– På ei veke mista vi begge jobbane våre. Då fekk vi tid til å stoppe opp og spørje oss sjølve kva vi eigentleg ville.
Eit hus i Ulvik kom for sal, og stillinga som hotelldirektør ved Brakanes vart ledig.
– Det kjentes som eit no eller aldri-øyeblikk. Om vi ikkje prøvde då, kom vi kanskje aldri til å gjere det.
Våren 2023 flytta dei heim, og Trine tok over som hotelldirektør.
Ein fleksibel, men krevjande kvardag
Å drive hotell krev mykje til stades-vering, særleg i høgsesong.
– Det er ikkje ein ni-til-fire-jobb. Men sesongane gir også ein naturleg rytme gjennom året, og det passar meg godt.
Jobben inneber noko reising og møteverksemd, men Ulvik er basen.
– Det er her kvardagen er. Det er her vi bur.
Fann balansen
For Trine handlar valet om meir enn jobb.
– Det er kombinasjonen eg set pris på. Du har naturen tett på, men samtidig mykje aktivitet. Du kan vere sosial og engasjert, eller trekke deg tilbake når du treng det.
Ho trekkjer fram samhaldet som noko av det viktigaste.
– Her blir du sett. Når noko skjer, stiller folk opp. Du er ikkje berre ein av mange.
Opplev alle sesongane
Til andre som vurderer å flytte, har Trine eit klart råd:
– Opplev alle sesongane før du bestemmer deg. Sommaren er lett å bli forelska i, men vinteren er stillare. Det er viktig å trivast i begge.
Ho meiner det også er avgjerande å engasjere seg.
– Du må bli med på ting og ta litt initiativ. Då blir du veldig godt teken imot.
For Trine vart pandemien eit uventa vendepunkt.
– Nokre gonger må ein berre ta sjansen. For oss vart det heilt rett.