Hopp til innhold
Vel språk
Choose language
Dscf5867

Traineeprogram

Er du nyutdanna og lurer på korleis du skal få ein god start på karrieren? Då bør du vurdere å bli trainee!

Kva er eit traineeprogram?

Eit traineeprogram er ei unik moglegheit for deg som er nyutdanna. Du får ein fast jobb i ei bedrift, men i tillegg får du tett oppfølging, fagleg utvikling, nettverksbygging og gjerne innblikk i fleire delar av organisasjonen. Mange traineeprogram varer i eitt år og gir deg sjansen til å utforske ulike arbeidsoppgåver, møte spanande folk og ikkje minst: finne ut kva retning du vil gå vidare i.

Kvifor bli trainee?
  • Du får arbeidserfaring rett etter studiene
  • Du blir del av eit fagleg og sosialt fellesskap
  • Du får bygge nettverk i næringslivet og det offentlege
  • Du får høve til å prøve ut fleire roller og utvikle kompetansen din
  • Du blir betre kjent med regionen – og kanskje finn du ein ny heimstad?
Traineeprogram du bør vite om

Her er tre traineeprogram på Vestlandet som du bør sjekke ut – alle tilbyr spennande moglegheiter for deg som er på jakt etter jobb i Vestland og omegn:

Framtidsfylket Trainee

framtidsfylket.no/trainee

Kven passar det for?
Nyutdanna bachelor- og masterstudentar innan ei rekkje fagområde.

Kva får du?

  • Eit år som trainee i ei spanande bedrift i Vestland
  • Samlingar og kurs gjennom året
  • Fagleg og sosialt nettverk med andre traineear
  • Tilgang til bustad, rådgjeving og hjelp til å bli kjend i regionen

Tips:
Meld deg på nyheitsbrev og sjå ledige stillingar på nettsida!

Boliden Odda – Tenk Boliden

tenkbolidenodda.no

Kven passar det for?
Deg som vil jobbe innan industri, prosess, teknikk, miljø eller administrasjon – og er nysgjerrig på ein framtid i ei leiande bedrift innan grønn industri.

Kva får du?

  • Karrieremoglegheiter i ein moderne industribedrift
  • Rekrutteringsprogram for unge talent
  • Tett oppfølging og utviklingsmoglegheiter
  • Eit fagmiljø i vekst – med base i Odda

Tips:
Følg dei på nettsida for å sjå ledige stillingar og traineeprogram som blir lagt ut.

TraineeVest – Bergen Næringsråd

traineevest.no/bli-trainee

Kven passar det for?
Nyutdanna med bachelor eller master – særleg innan økonomi, teknologi, samfunnsfag og leiing.

Kva får du?

  • 18 månader med arbeidserfaring frå fleire verksemder
  • Opphald i 2–3 ulike bedrifter i Bergensområdet
  • Personleg oppfølging og fagleg program
  • Mentorordning og sosiale samlingar

Tips:
Søk tidleg – dette programmet er populært!

Foto hentet fra Framtidsfylket sine nettsider
Foto hentet fra Framtidsfylket sine nettsider
Er du klar for neste steg?

Å vere trainee er meir enn ein jobb – det er ein inngangsbillett til eit yrkesliv der du får utvikle deg både fagleg og personleg. Du får ei mjuk landing i arbeidslivet, og du får oppleve kor mykje spennande som skjer i regionen vår!

Ta sjansen – og kanskje er det nettopp du som får draumejobben som trainee i 2025.