
Skapar grøn vekst på Voss
Maido Pakk og partnaren Maris ønskte å skape noko ekte og meiningsfylt nærare naturen. Det fann dei grobotn for på Voss.
Maris og Maido kjem opphavleg frå Estland, og har bakgrunn frå mat- og serveringsbransjen. Med nysgjerrigheit og kjærleik for friske, levande råvarer, hadde dei eit sterkt ønskje om å skapa noko meiningsfylt, noko som kunne gje glede og nytte til fleire.
– Då vi jobba i hotellbransjen, byrja vi å bruke mikrogrøne vekstar i rettane våre. Responsen var overveldande. Derfrå vaks ideen fort. Plantane representerer alt vi bryr oss om – helse, berekraft, nyskaping og skjønnheit, fortel Maido.
Hjartesak blei fulltidsprosjekt
Gjennom verksemda Voss MicroZ produserer dei no dei små, kraftfulle, elegante plantane som er proppfulle av næring og smak. Sideinteresse har vorte ei hjartesak og eit fulltidsprosjekt der paret får oppfylt ønsket om å bidra med noko friskt og verdifullt til lokalsamfunnet og vidare ut.
Produkta leverer dei førebels til restaurantar i Bergen og på Voss. Det er først og fremst dei såkalla «high end» restaurantane som nyttar dei eksklusive vekstane, men paret har ambisjonar om å nå ut til ein breiare marknad når dei kan utvide produksjonen. Den mogelegheita får dei om ikkje lenge når dei flytter verksemda frå kjellaren dei leiger, til Voss Biopark.
Lokal støtte og oppmuntring
Å starte ein verksemd er ikkje enkelt uansett kor i verda du etablerer deg. For Maido og Maris kan logistikken til tider vere ein flaskehals, særleg når dei skal skalere og nå ut til større marknader. På den andre sida får dei verdifull inspirasjon, ro og klarleik, og mykje positiv merksemd tilbake. Paret har fått støtte, blant anna gjennom offentleg finansiering og rettleiing via Næringshagen. Det har vore til stor hjelp, spesielt i den tidlege vekstfasen. Også lokale verksemder og enkeltpersonar som trur på det dei gjer, har bidratt med støtte og oppmuntring.
– Å starte verksemd er utfordrande, men utruleg givande. Det lokale miljøet heiar på deg, og den naturlege rytmen i regionen gjev rom til refleksjon og vekst. På Voss er det store mogelegheiter, særleg for dei som set pris på kvalitet, berekraft og ein måte å drive på som er basert på ein bestemt livsstil, seier Maido.
Balanse med naturen
Og nettopp livsstil var ein viktig årsak til at valet falt på Voss. Dei ønskte eit liv nærare naturen, med meir tid og fridom saman med barna, og høve til å skapa noko med meining.
– Vi har alltid hatt ein sterk lidenskap for mat, kvalitet og kreativitet. Voss vart heim for oss på grunn av naturen og moglegheitene, og fordi det gav oss rom til å skapa noko ekte og jordnært. Med to små barn kjentest det òg som den perfekte staden å byggje ei framtid både som familie og som gründerar. Voss gir oss denne balansen, der arbeid, familie og natur får smelte saman. Det er meir enn ein stad å bu, det er ein stor del av måten vi ønskjer å leva, seier Maris.
Voksande gründermiljø
På Voss er det også eit voksande miljø for etablering av nye verksemder, og Maido og Maris har hatt stort utbyte av å dele erfaringar med andre i liknande situasjonar.
– Det er fleire som er i gang med å starte opp verksemder. Vi har hatt inspirerande samtalar og samarbeid – særleg innanfor mat og berekraft, og det gjer ein forskjell. Miljøet er i vekst, og eg trur det finst plass til enda meir samspel og deling av idear, seier Maido.
Perfekt for nyskaping
Han er ikkje i tvil om å tilrå andre som syslar med planar om å starte verksemd å etablere seg på Voss.
– Dersom verksemda di er verdidrive og du søkjer ein unik livsstil med rom for nyskaping, er Voss eit solid utgangspunkt som passar perfekt for dei som vil skapa noko ekte, forankra og berekraftig, sier Maido.